Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Innhold og kvalitet i barnehagen

Barnehagen skal sørgje for barna sine behov for omsorg og leik og skal fremje eit verdigrunnlag som er felles for alle barnehagar.

Tenesteomtale

Alle barnehagar blir styrte etter eit felles verdigrunnlag som skal sørgje for at barna sine behov for omsorg, leik, læring og danning blir dekte. Grunnlaget for kvalitet og innhald i barnehagen ligg i barnehagelova og rammeplan for barnehagen, som alle barnehagar følgjer.
Med utgangspunkt i rammeplanen lagar kvar barnehage ein årsplan, og det vil derfor vere mange variasjonar i tilbodet barnehagane imellom.
Uavhengig av kva barnehage ditt barn går i kan du forvente at:
  • barnehagen blir styrt etter verdiar som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet
  • barnehagen arbeider for å utjamne sosiale forskjellar
  • barnehagen gir eit pedagogisk tilbod
  • barnet ditt får leike og utfolde seg og får meiningsfulle opplevingar
  • barnet sine behov blir teke omsyn til
  • barnet blir del av eit sosialt og kulturelt fellesskap
  • barnet sine interesser og dugleikar blir sedde.

Målgruppe

Foreldre med barn i barnehagealder.

Kriterium/vilkår

Barnehagen skal ha:
  • eit foreldreråd som består av alle foreldre
  • eit samarbeidsutval som består av ei gruppe foreldre og tilsett
  • samarbeid med skulen om trygg overgang til skulen
  • ei leiing som har pedagogisk og barnefagleg utdanning
  • pedagogiske leiarar som er utdanna barnehagelærarar
  • éin tilsett per tre barn når barna er under tre år
  • éin tilsett per seks barn når barna er over tre år
  • krav til norskkunnskapar hos personalet
  • krav til politiattest frå personalet.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Høve til å klage

Dersom du er misfornøgd med tilbodet til barnehagen kan du klage til barnehagen sin leiing. Det er barnehagen sin leiing som er ansvarleg for tilbodet, og som skal samarbeide med alle foreldre.
 
Du kan også sende ei skriftleg klage til kommunen.

Tjenesten oppdatert: 13.03.2023 17:25