Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skogfond

Alle skogeigarar må setje av middel i eit skogfond. Fondet gir pengar tilbake til skogeigarane til berekraftig investering og forvaltning av skogen.

Tenesteomtale

Som skogeigar har du plikt til å setje av midlar til eit skogfond. Dette fungerer som ei tvungen fondsavsetjing slik at du sjølv kan bruke dei midlane som er avsette, til seinare investeringar på eigedommen din. Du kan få pengane utbetalt når du har gjort investeringar som er godkjende for bruk av skogfond. Ved utbetaling får du delvis skattefritak, med unnatak av utbetaling som skal gå til å dekkje meirverdiavgift. Skogfondsmidlar kan brukast til

  • all form for skogkultur
  • underskott ved tynningsdrift
  • etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon
  • nybygging og ombygging av skogsbilvegar og traktorvegar
  • vegvedlikehald av skogsbilvegar
  • meirverdiavgift
  • skogbruksplan
  • skogforsikring
  • grensearbeid i utmark
  • kurs og kursmateriell (aktivt skogbruk osb.)
  • miljøtiltak
  • bioenergitiltak

Målgruppe


Kriterium/vilkår

For at skogfondsmiddel skal kunne utbetalast, må du ha gjort investeringar i eigen skog. Investeringane og tiltaka må vere fagleg, økonomisk og økologisk forsvarlege og ikkje i strid med regelverket.

Pris for tenesta


Samarbeidspartnarar


Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du sender eit refusjonskrav om utbetaling av skogfondsmidlar (inkludert utbetaling for eige arbeid) til kommunen. Bruk søknadsskjema frå Landbruksdirektoratet - sjå lenkja under.

Vedlegg

Kvitteringar og fakturaer for utgifter som du ønskjer å få dekt.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tjenesten oppdatert: 05.04.2021 16:49