Spesialundervisning
Spesialundervisning er ei tilpassa form for opplæring som kan gjevast til elevar som treng det.
Tenesteomtale
Målgruppe
Elevar i grunnskule og vidaregåande skule
Kriterium/vilkår
Skulen har plikt til å vurdere og eventuelt prøve ut tiltak for å sikre deg eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa før pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta) gjer ei sakkunnig vurdering.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå spesielt opplæringslova kap. 5 Spesialundervisning
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Du eller foreldra dine kan krevje at skulen gjer dei nødvendige undersøkingane for å finne ut om du treng spesialundervisning og kva for opplæring du eventuelt treng.
Saksbehandling
Før det blir gjort ei sakkunnig og før spesialundervisning blir sett i verk, skal det innhentast samtykke frå deg eller foreldra dine. Du eller foreldra dine har rett til å sjå den sakkunnige vurderinga og til å uttale dykk før det blir gjort vedtak. Et positivt vedtak skal spesifisere omfanget, innhaldet og organiseringa av spesialundervisninga.
Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Tjenesten oppdatert: 11.04.2021 18:23