Tannhelseteneste
Den offentlege tannhelsetenesta er gratis for alle under 18 år og består av jamleg kontroll og behandling. Som regel må vaksne betale sjølv, men det finst unntak.
Tenesteomtale
Fylkeskommunen har ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta og tilbyr gratis behandling for alle under 18 år og til prioriterte grupper.
Barn får innkalling til jamlege kontrollar frå dei er ca 3 år gamle. Fram til barnet er 18 år vil næraste tannklinikk vere den som tek kontakt for time til kontroll og behandling.
Målgruppe
Den offentlege tannhelsetenesta skal gi eit regelmessig og oppsøkjande tilbod til desse prioriterte gruppene:
- barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år
- psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon
- eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie
- flyktningar og asylsøkjarar på statlege mottak
- rusmiddelavhengige under kommunal omsorg.
Pris for tenesta
Den offentlege tannhelsetenesta er gratis for
- barn 0-18 år
- personar som bur på institusjon eller får heimesjukepleie i meir enn tre månader
- psykisk utviklingshemma.
Grupper som får redusert betaling hos tannlegen
- aldersgruppa 19-20 år skal betale 25 % av utgiftene til tannbehandling
- aldersgruppa 21-24 år blir prioritert i statsbudsjettet for i år og skal betale 25 % av utgiftene til tannbehandling.
Grupper med spesielle ordningar for betaling av tannhelsetenester
- flyktningar og asylsøkjarar på statlege mottak
- rusmiddelavhengige under kommunal omsorg
- personar med tannlegeskrekk
- innsette i fengsel.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt
Tannhelsetenestelova
Folketrygdlova § 5-6.
Tannhelsetenestelova
Folketrygdlova § 5-6.
Forskrift om stønad til dekning av utgifter til tannbehandling
Folketrygdloven
Tannhelsetjenesteloven
Helsepersonelloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Forskrift om vederlag for tannhelsetjenester
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Fylkeskommunen skal vere proaktive og oppsøkjande for dei gruppene som har gratis tannhelseteneste. Dei andre prioriterte gruppene kan sjølv søkje opp tannlege og bestille time.
Det er tannhelsetenesta der du bur som kan hjelpe deg med informasjon om betalingsordningane. Du finn næraste tannklinikk på nettsidene til fylkeskommunen din.
Hjelp til å betale for tannlegebehandling kan inngå i NAVS ordningar for økonomisk sosialhjelp. Økonomisk sosialhjelp - nav.no
Høve til å klage
Om du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du sende ein klage til det organet som fylkeskommunen avgjer. Går avgjerda deg imot eller klagen avvist, kan du klage til Statsforvaltaren.
Tjenesten oppdatert: 11.03.2024 13:54